|
Målet er ein lekt nasjon Nr. 21/08 - Nina Dalseth, Budbæreren - Folket i Burundi har gått gjennom enorme lidingar. Såra er djupe etter den lange borgarkrigen, dei er traumatisert og treng å tilgje og bli lekt.Det gjeld og landet si politiske leiing. Vårt mål er ein lekt nasjon.
Emmanuel Kopwe, leiar for organisasjonen African Enterprise sitt freds- og forsoningsarbeid i Burundi, brenn for forsoning mellom hutuar og tutsiar. I borgarkrigen miste landet berre i åra 1993 til 2000 rundt 200 000 av sine i dag rundt 8,7 millionar innbyggjarar.
Nyleg vitja Kopwe Noreg og var i samtalar med mellom andre Frikirkens Israels- og Ytremisjon, som har støtta arbeidet til AE i Burundi i ei årrekkje. Han er på jakt etter nye støttespelarar, særleg etter 2009, når Frikyrkja avsluttar eit langvarig samarbeid.
”En afrikansk suksesshistorie”
Utallege gonger har tanzanianaren Emmanuel Kopwe vore på reise i Burundi for å mekle og bidra til forsoning mellom hutuar og tutsiar, - blant geriljaleiarar, folk på grasrota eller på toppolitisk plan. Han har gjort dette med risiko for sitt eige liv, og opplevd drap på nære medarbeidarar. I dag er det fred i Burundi, med eit demokratisk valt styre frå 2005.
Emmanuel Kopwe er som fredsarbeidarar for øvrig oppteken av ”good governance”; å få etablert eit rettferdig styresett i landet.
- Men vår tilnærming for å kome dit er litt annleis enn dei tradisjonelle metodane. Over 90 prosent av dei politiske leiarane i dagens Burundi har delteke i krigføringa under borgarkrigen. Vi arbeider no for at dei skal kome til ei erkjenning av at deira politiske leiarskap av landet kan munne ut i nye spenningar og vald, om dei ikkje tek imot hjelp og får arbeide med sine eigne trauma. Det er det som brenn i hjertet mitt no, seier Kopwe engasjert.
Etter fredsavtalen vart underteikna i 2005 var det lenge spreidd valdsbruk i landet. Fraksjonar i ei av geriljagruppene, Palipahutu- FNL, var enno i krig. No har også dei lagt ned våpna.
”Vi ser en maktdeling mellom tidligere fiender, i motsetning til et system der ”the winner takes all”.
En afrikansk suksesshistorie, og Afrika trenger det,” sa Youssef Mahmoud, generalsekretæren i FN sin spesialutsending til Burundi, tidligare i år.
Det er ikkje tvil om at African Enterprise har gjeve viktige bidrag til freden. Dei arbeidde fyrst og fremst gjennom kyrkja, den einaste institusjonen som var oppegåande i eit land med øydelagd infrastruktur.
Ung og traumatisert politisk leiing
- Korleis vurderer du det politiske leiarskapet i Burundi etter 2005?
- Mange har spurt om det. Eg er positiv til det og har håp for styret deira, svarar han med diplomatisk finkjensle. - Det er ei ung politisk leiing, dei har entusiasme og vil sjå og arbeide for endringar og ei god utvikling. Men bakteppet er som sagt at dei sjølv er traumatisert. Difor dømer vi dei ikkje, men vil gje dei sjansen til å styre, samtidig som vi tilbyr hjelp.
-AE har jobba i landet i mange år med traumebehandling og forsoning. Inneber dette at de no arrangerer forsoningskonferansar for leiarar?
– Ja, det gjer vi, bekreftar han. Medan FN frå fredsavtalen vart underskreven i 2005 har overvaka freden gjennom fredsbevarande styrkar, har AE engasjert seg i traumebehandling og forsoningsarbeid. Mange har tilgjeve overgriperar og morderar som har utført valdshandlingar mot familie og andre kjende, og gått gjennom ein prosess av frigjering og lækjedom. AE trener også opp leiarar som kan gå inn i arbeidet med å arrangere og undervise på forsoningskonferansar i alle dei 17 provinsane i landet.
Lækjedom og tilgjeving
- Tidlegare har vi høyrt om kristne hutuar og tutsier som er blitt forsona gjennom kristen forkynning, samtaler og bønn. Brukar de òg psykiatrisk ekspertise?
- Ja, psykiatrisk hjelp er ein del av opplegget. Det er viktig å skape ei forståing for korleis trauma oppstår og utartar seg. Sinne og bitre kjensler påfører oss smerte. Men alle kan lære å tilgje, ikkje berre kristne. Vi lærer også muslimar å tilgje. Lækjedom og tilgjeving heng i hop, som høna og egget. Hvis ikkje folk vil tilgje, blir det inga forsoning, og dei vert heller ikkje lekt. Vi utfordrar folk til å vere rettferdige også mot seg sjølv, - då må dei kvitte seg med det bitre.
Emmanuel Kopwe snakkar ofte og mykje om tilgjeving. - Det er eit guddommeleg prinsipp. Gud gjev kvart menneske evne til å tilgje.
|